Interpellasjon til fylkesrådet i fylkestingsamlinga på Mo i Rana 3.-6. desember 2004.

INDUSTRIKRAFTREGIME MÅ PÅ PLASS RASKT!

Vasskrafta var den viktigaste ressursen for å utvikle Noreg som industrinasjon og velferdsstat. Politiske rammer for elkraftkontraktar til prosessindustrien i Nordland har i etterkrigstida sikra langsiktig og stabil industriell utnytting av dei store vasskraftressursane som vi har i fylket vårt.

Energilova og EØS-avtalen la tidleg på 1990-talet grunnlaget for at denne statlege politikken gradvis kunne bli avløyst av nyliberalistisk politikk.

Jernverkskontrakten gjekk ut i 2005, og fleire lokalsamfunn med prosessindustri som på Mo i Rana står no for tur til å måtte kjøpe elkraft til marknadspris.

Prosessindustrien i Nordland er landsdelens største verdiskapar. Akkurat no er det høgkonjunktur, og dei fleste bedriftene i bransjen går godt. Men ein høgkonjunktur varer ikkje evig, og industrien er avhengig av langsiktige kraftkontraktar til konkurransedyktig pris. Fleire gonger før valet i 2005 gav dei "raudgrøne" partia løfte om at dei skulle få på plass eit nytt industrikraftregime viss dei fekk regjeringsmakt. Etter valsigeren i 2005 gav Soria Moria-erklæringa bindande løfte om nytt kraftregime. To år seinare melder den nye olje- og energiministeren, Åslaug Haga, at dette ikkje lar seg realisere fordi EU seier nei!

Tusenvis av arbeidsplassar i landsdelen er avhengige av at regjeringa held løftet sitt. Når industrien om ei tid møter ny lågkonjunktur utan langsiktige og gunstige kraftkontraktar, vil det føre til eit ras av nedleggingar med etterfølgjande arbeidsløyse. Derfor trengst det politisk initiativ og handlekraft no både frå fagrørsle, lokalsamfunn, kommunar og fylkeskommunar. Og det hastar!

Rødt Nordland ventar at fylkeskommunen er seg bevisst ansvaret sitt og pressar regjeringa til å innfri løfta sine.

Kva for konkrete politiske initiativ vil fylkesrådet ta i denne saka?

 


Tjøtta, 25. november 2007.


Einar Jetne
Rødt