Finansskandalen i Rana og andre kommunar i Nordland. Kven har skulda?

Rana har komme i den tvilsame posisjonen at arvesølvet, vasskrafta, er selt på det store markedet, til spekulasjon og pokerinnsats for finansfalskspelarar, og vi kan risikere å tape alt vi har tent og kunne tene fram til 2013., Pengar som kommunen skal finansiere omsorg, skole og kultur med.
Raudt (RV) i Rana har vore mot denne hasardhandelen frå første stund, fordi vi meiner at vasskraft er arvesølv eller såkorn, som skal vere der for oss alle til alle tider, og som aldri skal ut på børs til kjeltringar og spekulantar. Til dei verste og mest rotne sidene av kapitalismen!l

Kva ligg så bak salet av arvesølvet?
To ord. Marknadstenking og "Modernisering", som i våre dagar både er politisk og økonomisk teori og for enkelte religion.

Det var med Erna Solberg ved roret at Kommunaldepartementet opna den porten som Terra Securities utnytta for å lokke fire kommunar ut i katastrofen. Det dreidde seg om å gi kraftkommunane opning til å føreta såkalla "finansielt sal av konsesjonskraft".

I 2002 ga departementet grønt lys for at kraftkommunar kunne "selge ut" dei framtidige kraftinntektane sine ved å ta opp svære lån med sikring i dei framtidige inntektene. Departementet gjorde det kunststykket å seie at slike avtalar "Ikke kan sidestilles ved lån", noko som på alle måtar er tøys og tull. Det va ei utruleg tvilsom tolking av kommunelova.

I kommuneskandalen må søkelyset rettast mot dei vekslande regjeingane i landet og deira offensiv for "modernisering" av kommunesektoren, med vekt på marknadstenking, kortsiktig lønsemnd, og sal av offentleg eigedom. Denne katastrofen, som kan koste fire nordlandskommunar millionar av kroner, er eit ektefødd barn av denne politikken.

Fråsegna frå departementet i 2002 ga ryggdekning for å ta opp store lån i form av "salg av framtidige inntekter" og plassere pengene i obligasjonar som ga høgare renter. Departementet har deretter vore vel kjent med at eit antal norske kommunar har fulgt ein sånn praksis.

Seinare har Terra Securities tatt tak i denne opninga og tøygd ho i ekstrem grad, med ein finanspakke som står i skrikande kontrst til paragrafane 50 og 52 i Kommunelova. Her er det snakk om å låne 8-10 gonger det beløpet som var lånt med basis i den tvilsomme tolkinga til Departementet. Terra har hatt kommunar som kundar eller klientar i ei årrekke. Dei kjenner sjølvsagt det regelverket som kommunane er underlagt, og dei må ha visst at dei lokka kommunane til ekstremt omfattande lovbrot. På godt norsk vil vi kalle dette for "monkeybusiness".

I dag er dei fire nordlandskommunane eksponert for ein risiko på fire milliardar kroner. Dei lokale politikarane står der med skjegget i postkassa, fulle av ansvar, men Terra er den største skurken. Det bør samtidig rettast eit skarpt søkelys mot Erna Solberg og andre kommunalministrar som har fremja den tenkinga som denne skandalen er eit heilt perverst utslag av.

Raudt sin representant i Rana kommune har vore åleina om å gå mot desse finansoperasjonane ved kvart einaste høve. No har Raudt kravd full openheit og blitt røysta ned. Vi i Raudt krev alle kort på bordet straks! Reaksjonane frå folket i dei fire Nordlandskommunane gir oss ei klår melding om at dei ikkje godtek å bli ført bak lyset lenger!

Kommunane må snarast komme seg .ut av desse avtalane, og Terra må ta ansvaret for å dekkje dei tapa som då blir realisert. Departementet må ta sitt ansvar for skandalen og ta intiniativ for å få fram ei løysing som ikkje rammar innbyggarane og oppgåvene i kommunane. Reaksjonane syner også at det er viktig med kritisk opposisjon frå partier som Raudt i slike prinsippielle saker.

OG: Dei politikarane i Rana som har godteke desse investeringane bør gjere som Hemnesordføraren gjer: Leggje seg flat og ta det politiske ansvaret. Elles blir det politiske systemet kasta ut i ei moralsk krise. Det er nesten like gale som dei økonomiske tabbane.

Raudt vil difor i fortsetjinga krevje ein grundig diskusjon i kommunestyre/formannskap for å fatleggje ein finanspolitikk, der innbyggjarane kan kjenne seg trygg på at inntekter frå kraftsalg og anna inntekter ikkje skal spelast bort på børsen!


Ole-Gunnar Leirvaag (formannskapsmedlem i Raudt Rana)

Atle Hiller (leiar av Raudt Rana)